Merry Quizmas 2025
Julequiz
Merry Quizmas 2025
Publisert: 1. desember 2025 | Oppdatert 5. desember 2025
Forfatter:
Magnus Vie Sundal
2025 er snart historie. Det har vore eit år som har vist oss at opplevd ustabilitet i verda ikkje alltid er reflektert i marknadane. Børsane har gitt god avkastning, og enda hyggelegare: i skrivande stund kan alle våre fond vise til meiravkastning mot respektive referanseindeksar.
Men trass i god avkastning: året er ikkje komplett utan gode quizresultat, og førjulstida betyr ein ny runde Merry Quizmas. Eg prøvar som vanlig å balansere mellom det ufatteleg vanskelege, og våre deltakarar sine velutvikla Google-evner. Internettsøking er forventa og velkoment, men i år blir kanskje den verkelege testen på om AI vil knekke all verdas intrikate quizar. Eg vonar at du for din eigen del ikkje tyr til slike skitne triks.
Ellers er reglane få:
- Quiz mandag, onsdag og fredag
- Svar kan sendast til mvs [a] borea.as (inkludér ordet “quiz” i emnefeltet) innan neste quiz blir sendt ut.
- Del gjerne videre (og oppfordre gjerne venner og kjente til å melde seg på epostlista her)
- For samanlagtkonkurransen må dei «ti kjappe» under fyllast ut og sendast til meg på epost innan kl. 18:00 fredag 5. desember (då byrjar VM-trekninga, ref. spørsmål #9).
Som alltid har me på rykande fersk Borea-merch i premiepotten.
Ti kjappe (svar sendast til meg innan fredag kveld kl 18:00)
1) Oslo Børs sin hovudindeks er i skrivende stund på 1610 poeng. Kor mange poeng er den på 31/12?
2) Kva aksje i Oslo Børs’ hovedindeks får den største prosentvise oppgongen frå og med 8. desember fram til 31/12?
3) Kva er summen av Noregs Bank si styringsrente og Fed Funds rate (upper bound) den 31/12?
4) Kva var kjerneinflasjonen (KPI-JAE) i Norge frå november 2024 til november 2025?
5) Kva kostar eitt fat olje 31/12 (Brent)?
6) Kva kostar eitt kilo fersk laks ved utgongen av året (SSB)?
7) Kor mange millimeter regn får Bergen i løpet av heile 2025 (YR)?
8) Kva 3 lag vil Noreg spele mot i gruppespelet i fotball-VM for menn i 2026?
9) Går regjeringa i Noreg av innan julaftan?
10) Kva avkastning endar Magnificent 7 på for desember: a) under -5%, b) -5% til +5%, eller c) meir enn +5% (målt ved Bloomberg sin indeks for dei 7 selskapa)
1. desember:
Me byrjar som vanleg i Bergen. Du har nettopp besøkt kontoret til Borea sin største aksjonær. Der denne aksjonæren i dag er i hard kamp om marknadsandelar, var det ein gong nokre andre som ein gong kjempa her. Det gjekk ikkje så bra for byen. Ein av dei stridande partane fekk seinare ein leiar, og sonen til denne leiaren innførte noko som hadde eit stort jubileum i fjor. Uansett: Nokre karar frå denne eine fraksjonen er avbilda i eit kjent måleri, der dei susar avgarde. Biletet finst i eit par versjonar, og den eine originalen heng i ein sparebank, som er tilgjengeleg via tog. Og dermed byrjar reisa di.
a) Kvar var slaget?
b) Kva fraksjonar kjempa?
c) Kva jubileum?
d) Kva for ein kunstnar og måleri?
e) Kva sparebank?
3. desember:
Måndag skulle me til Jonsvoll, der Baglarane og Birkebeinarane kjempa i 1198. Det var mange slag i dei åra, og andre svar som refererer til noko Bergens-basert får eit halvt poeng. Birkebeinarane var leia av Kong Sverre, som var oldefar til Magnus Lagabøte. Sistnevnte fekk laga Landslova, som hadde 750-årsjubileum i fjor. Birkebeinarane er gjengitt i eit måleri av Knud Bergslien, og dette finn du på kontoret til Voss Sparebank. Av nærmare 40 innsendte svar, var det 14 som hadde 100% korrekt svar, og årets første dagspremie går til Anders.
«When in Rome», tenkjar du, og vil prøve ein lokal spesialitet: ekstremsport. Du dreg difor til fallskjermklubben på Bømoen, og hoppar på første propellfly. Men véret er uforutsigbart, du hamnar i ein storm og mistar kursen. Etter kvart får du hoppa ut, og med fallskjermen ute, dalar du ned over ein fjordarm
Her budde ein gong ein mann som bar på ein draum du sikkert har høyrd snakk om. Ein kjent sambygding bar kanskje óg på ein draum: han kjempa i fleire år for å passere ei grense. Sistnevnte forlot bygda til fots, med kurs for ein større by. Du blir inspirert til å prøve sjølv, og finn fram skoa. Etter nokre dagsmarsjar langs hovudvegen kjem du til ein stad der himmelen er fylt med dragar om vinteren og ein spesiell veg startar eller sluttar. Du tek inn på nærmaste overnattingsstad og legg beina høgt nokre dagar. I området du no er, passerer du på eit vis ei grense – eit sentralt skilje i Noreg.
a) Kvar landa du med fallskjermen?
b) Kven var dei to - draumaren og sambygdingen?
c) Kva grense jobba sambygdingen for å passere?
d) Kvar endar gåturen i dag?
e) Kva skilje er i området?
5. desember:
Onsdag landa du i Ulvik, heimbygda til Olav H. Hauge, og Lars Sponheim. Sistnevnte drøymde kanskje om sperregrensa. Du gjekk austover, og enda på kite-eldoradoet Haugastøl. Staden ligg i området der vannskillet mellom aust og vest går. 28 deltakarar hadde heilt riktig svar, og dagspremien går denne gong til Kjell Christian.
Etter nokre dagar på Haugastøl, hoppar du på toget til Oslo. Toget er som vanleg fullt av turistar, og du fortel med vestlandsk sjølvtillit at Oslo ikkje alltid var hovudstaden i landet. Når du går av toget spaserar du forbi ei gate oppkalt etter kona til kongen som flytta hovudstaden til austlandet. Gata husar eit stort, børsnotert norsk selskap. Du går derimot ikkje i den retninga, men vasar litt rundt i området. Her finn du eit stort bygg som var fullt av liv, med variabel stemning, i 170 år fram til slutten av 1900-talet. Du har høyrt ein song om ein café som du trur kanskje er i bygget, men det skal vise seg at du er på feil stad for den.
Uansett: Heller ikkje dette er dagens endestasjon. Du går vidare sørover og får auge på eit framkomstmiddel, som kan ta deg til eit anna land. Ein førjulstur til utlandet slår aldri feil og du hoppar på.
a) Kven var gata oppkalla etter?
b) Kva stort selskap finn du der?
c) Kva bygg?
d) Kvar låg caféen?
e) Kva land dreg du til?
Svar kan sendast inn her.
Med vennlig hilsen
Magnus Vie Sundal, CFA
Porteføljeforvalter, Borea Asset Management
Historisk avkastning i våre fond er ingen garanti for framtidig avkastning. Framtidig avkastning vil bl.a. avhenge av markedsutvikling, våre forvalteres dyktighet, fondets risiko, samt kostnader ved tegning, forvaltning og innløsning. Avkastningen i våre fond kan bli negativ som følge av kurstap. Informasjon om fondene våre er å anse som markedsføring. Effektiv rente vil kunne endres fra dag til dag, og er derfor ingen garanti for avkastningen i perioden den er beregnet for. Investorer som vurderer å investere i våre fond oppfordres til å lese nøkkelinformasjon og prospekt på borea.no/fondene
Nyhetsbrev Få innsikt og markedsoppdateringer direkte i innboksen.
