Merry Quizmas 2025
Julequiz
Merry Quizmas 2025
Publisert: 1. desember 2025 | Oppdatert 22. desember 2025
Forfatter:
Magnus Vie Sundal
2025 er snart historie. Det har vore eit år som har vist oss at opplevd ustabilitet i verda ikkje alltid er reflektert i marknadane. Børsane har gitt god avkastning, og enda hyggelegare: i skrivande stund kan alle våre fond vise til meiravkastning mot respektive referanseindeksar.
Men trass i god avkastning: året er ikkje komplett utan gode quizresultat, og førjulstida betyr ein ny runde Merry Quizmas. Eg prøvar som vanlig å balansere mellom det ufatteleg vanskelege, og våre deltakarar sine velutvikla Google-evner. Internettsøking er forventa og velkoment, men i år blir kanskje den verkelege testen på om AI vil knekke all verdas intrikate quizar. Eg vonar at du for din eigen del ikkje tyr til slike skitne triks.
Ellers er reglane få:
- Quiz mandag, onsdag og fredag
- Svar kan sendast til mvs [a] borea.as (inkludér ordet “quiz” i emnefeltet) innan neste quiz blir sendt ut.
- Del gjerne videre (og oppfordre gjerne venner og kjente til å melde seg på epostlista her)
Som alltid har me på rykande fersk Borea-merch i premiepotten.
1. desember:
Me byrjar som vanleg i Bergen. Du har nettopp besøkt kontoret til Borea sin største aksjonær. Der denne aksjonæren i dag er i hard kamp om marknadsandelar, var det ein gong nokre andre som ein gong kjempa her. Det gjekk ikkje så bra for byen. Ein av dei stridande partane fekk seinare ein leiar, og sonen til denne leiaren innførte noko som hadde eit stort jubileum i fjor. Uansett: Nokre karar frå denne eine fraksjonen er avbilda i eit kjent måleri, der dei susar avgarde. Biletet finst i eit par versjonar, og den eine originalen heng i ein sparebank, som er tilgjengeleg via tog. Og dermed byrjar reisa di.
a) Kvar var slaget?
b) Kva fraksjonar kjempa?
c) Kva jubileum?
d) Kva for ein kunstnar og måleri?
e) Kva sparebank?
3. desember:
Måndag skulle me til Jonsvoll, der Baglarane og Birkebeinarane kjempa i 1198. Det var mange slag i dei åra, og andre svar som refererer til noko Bergens-basert får eit halvt poeng. Birkebeinarane var leia av Kong Sverre, som var oldefar til Magnus Lagabøte. Sistnevnte fekk laga Landslova, som hadde 750-årsjubileum i fjor. Birkebeinarane er gjengitt i eit måleri av Knud Bergslien, og dette finn du på kontoret til Voss Sparebank. Av nærmare 40 innsendte svar, var det 14 som hadde 100% korrekt svar, og årets første dagspremie går til Anders.
«When in Rome», tenkjar du, og vil prøve ein lokal spesialitet: ekstremsport. Du dreg difor til fallskjermklubben på Bømoen, og hoppar på første propellfly. Men véret er uforutsigbart, du hamnar i ein storm og mistar kursen. Etter kvart får du hoppa ut, og med fallskjermen ute, dalar du ned over ein fjordarm
Her budde ein gong ein mann som bar på ein draum du sikkert har høyrd snakk om. Ein kjent sambygding bar kanskje óg på ein draum: han kjempa i fleire år for å passere ei grense. Sistnevnte forlot bygda til fots, med kurs for ein større by. Du blir inspirert til å prøve sjølv, og finn fram skoa. Etter nokre dagsmarsjar langs hovudvegen kjem du til ein stad der himmelen er fylt med dragar om vinteren og ein spesiell veg startar eller sluttar. Du tek inn på nærmaste overnattingsstad og legg beina høgt nokre dagar. I området du no er, passerer du på eit vis ei grense – eit sentralt skilje i Noreg.
a) Kvar landa du med fallskjermen?
b) Kven var dei to - draumaren og sambygdingen?
c) Kva grense jobba sambygdingen for å passere?
d) Kvar endar gåturen i dag?
e) Kva skilje er i området?
5. desember:
Onsdag landa du i Ulvik, heimbygda til Olav H. Hauge, og Lars Sponheim. Sistnevnte drøymde kanskje om sperregrensa. Du gjekk austover, og enda på kite-eldoradoet Haugastøl. Staden ligg i området der vannskillet mellom aust og vest går. 28 deltakarar hadde heilt riktig svar, og dagspremien går denne gong til Kjell Christian.
Etter nokre dagar på Haugastøl, hoppar du på toget til Oslo. Toget er som vanleg fullt av turistar, og du fortel med vestlandsk sjølvtillit at Oslo ikkje alltid var hovudstaden i landet. Når du går av toget spaserar du forbi ei gate oppkalt etter kona til kongen som flytta hovudstaden til austlandet. Gata husar eit stort, børsnotert norsk selskap. Du går derimot ikkje i den retninga, men vasar litt rundt i området. Her finn du eit stort bygg som var fullt av liv, med variabel stemning, i 170 år fram til slutten av 1900-talet. Du har høyrt ein song om ein café som du trur kanskje er i bygget, men det skal vise seg at du er på feil stad for den.
Uansett: Heller ikkje dette er dagens endestasjon. Du går vidare sørover og får auge på eit framkomstmiddel, som kan ta deg til eit anna land. Ein førjulstur til utlandet slår aldri feil og du hoppar på.
a) Kven var gata oppkalla etter?
b) Kva stort selskap finn du der?
c) Kva bygg?
d) Kvar låg caféen?
e) Kva land dreg du til?
8. desember:
Fredag skulle me via Dronning Eufemias gate og DNB, til Oslo Børs, Børs Café i Bergen, før me enda i Danmark. Dagspremien går denne gong til Arne S.
Du vandrar gatelangs i København, då du gjenkjenner to menn. Dei gir deg assosiasjonar til morosame folk på sirkus, og den eine er ein namnebror til ein smart kar som saman med to andre er aktuelle no i jula. «Portefølja» deira omfatta mellom anna noko som har stige kraftig i pris i år. Han er óg namnebror til ein nordmann, som det siste året har konkurrert mot ein kjent danske, og trakterar ein reiskap som i desse dagar har vore i sentrum for ein bergensk tradisjon-kontrovers.
A) Kven er dei to danske mennene
B) Kven er dei jule-aktuelle karane
C) Kva har dei i «portefølja» si?
D) Kva for ein nordmann skal me fram til?
E) Kva handla kontroversen om?
10. desember:
Måndag gjenkjente du Frank Hvam og Casper Christensen frå TV-serien og filmane «Klovn». Casper er navnebror til ein av dei tre vise menn, som mellom anna hadde gull i «portefølja» si. Gullprisen er i skrivande stund opp 60% hittil i år. Han er óg namnebror til Casper Ruud, som mellom anna har spelt kamp mot danske Holger Rune i 2025. Racketen han trakterar, er i ein Bergens-kontrovers: Brynhild avsluttar produksjonen av den mørke sjokoladetennisracketen (om du svara noko i retninga «sjokolade-tennisracket» får du poeng). Kluss med tradisjonar er lite populært i Bergen. Av 35 svar gjekk denne gong dagspremien til Øyvind.
Du står i Københavns hamn, skuar utover havet og får lyst til å reise til ein annan «hovudstad» med ordet «hamn» i seg, dog på det lokale språket. I motsetnad til fleire andre slike hovudstader, er kanskje ikkje dette staden du ville reise for sol og sommar. «Hovudstaden» er einaste byen på øya, og landet er vel strengt teke ikkje eit land, trass i eige flagg og styre. Du hoppar på båten og seglar i veg.
Byen du kjem til har eit namn som bringar tankane dine både oppover, mot ein port, og austover. Angåande byen i aust som tankane vandrar til: Ein gong var namnet på denne byen endra for å høyrast mindre tysk ut. I staden kunne namnet då minne om ei råvare det er mykje av i området. Nokre av dei første som utvant dette var ein kjent familie, der brørne enda i forskjellege næringar. Då den eine broren døydde, trykka ei fransk avis minneord om feil bror. Den gjenlevande som fekk lese minneordet om seg sjølv, fekk ikkje berre lese fine ting. Historia skal ha det til at dette var medverkande til at han donerte formue og oppretta noko som er høgst tidsaktuelt i desse dagar.
Lang quiz i dag, men me skal altså fram til:
A) Kva «hovudstad» og «land» dreg du til?
B) Kvar går tankane oppover og austover?
C) Kva råvare?
D) Kva familie er det eg omtalar her?
12. desember:
Onsdag skulle me til Guernsey og Saint Peter Port. Namnet førte tankane til både perleporten og St. Petersburg. Sistnevnte heitte ein gong Petrograd, og råvara me då skulle fram til var olje/petroleum. Blant dei tidlegaste utviklarane av denne industrien i aust, fann me Nobel-familien. Då Ludvig Nobel døydde, var det Alfred Nobel som fekk lese minneord om seg sjølv.
Du sit på ein café på Guernsey og fortel historia om Nobel, då ein kar kjem forbi. Han har høyrd namnet Ludvig, og han er stor tilhengjar av ein kar med same namn. Ludvig og «bror» hans, som nesten heiter det same som ein kjent kryptovaluta, er óg ganske aktuelle på denne tida av året. Mannen fortel deg at desse inspirerte han til å byggje noko luksuriøst. Siste del av produktnamnet er óg ei matvare, og ein viktig ingrediens i noko som blir ansett som ein julete drink. Neste stopp er mannen sitt heimland.
A) Kven traff du?
B) Kva luksuriøst objekt er det snakk om?
C) Kva julete drink?
D) Kva land skal me til no?
15. desember:
Fredag traff du på Christian von Koenigsegg, som fann inspirasjon frå Flåklypa Grand Prix. Det luksuriøse produktet var altså sportsbilen hans. Drinken me skulle fram til var eggelikør / eggnog / eggepunsj og landet me skulle til er Sverige. Fredag gløymde eg å kommentere dagsvinnar, men min VBA-algoritme plukka ut to forskjellege Geir’ar som vinnarar for hhv. onsdag og fredag.
Du befinner deg på flyplassen på Guernsey, som for anledningen har sett opp direkteruter til ei rekke europeiske byer. Du skal til Gøteborg, og har nettopp kjøpt deg eit Batman-teikeserieblad for flyturen. Derimot blingser du på avreisetavla, endar opp på galt fly, og landar i ein annan by. Om du derimot tek første del av namnet som stod på tavla, for byen du skulle til, og første del av namnet i byen du enda opp, finn du ein særnamn i teikneseriebladet ditt.
Der du går og surrar på den lokale julemarknaden, trur du at du ser namnet på ei heimleg musikkgruppe, men innser du at du i staden ser eit reklameskilt for lokal julemiddag. Du går vidare, og får auge på ei dame du kjennar att. Ho er tidlegare politikar, frå denne byen, og i juleevangeliets ånd tenkar du på ein himmelsk hærskare. Etternamnet hennar har ikkje gitt opphav til ein mobilapp, og er nok heller ikkje relatert direkte til denne greia du brukar på julegåver.
A) Kva by enda du opp i?
B) Kva heiter staden i teikneseriebladet?
C) Kva musikkgruppe og julemiddag var det snakk om?
D) Kva for ein politikar traff du?
E) Kva er det du brukar på julegåver?
17. desember:
Måndag enda me i Hamburg, og kombinasjonen av byrjingane på Gothenburg og Hamburg gav Gotham, som er byen der Batman jobbar. På julemarknaden skulle me fram til Karpe og karpe (mat), me traff Angela Dorothea Merkel og på julegåvene set me merkelappar. Kanskje hakket vanskelegare denne gong, og 23 deltakarar hadde heilt rett svar. Dagens julegåve går til Mona.
Etter nokre dager i Hamburg har du smakt både karpe og hamburgar, og finn frem kartet. Du er framleis glad i både Tyskland og mat av det mindre sunne slaget, og finn ein by som indikerar at du kan få tak i dette akkurat her. Ved ankomst ser du dresskledde mennesker og du finn ut at du står utenfor kontoret til eit amerikansk selskap. Selskapet er ein leiande aktør i sin bransje, og bærer framleis namnet til sin sterke og kjente frontfigur, riktignok død for lenge sidan.
Som nordmann forbinder du derimot frontfigurens sine to første initialar med ein annen kjent og kjær “juleperson”. Han er kanskje mer kjent for sitt etternavn enn for- og mellomnavn, der mellomnamnet óg er namnet med et kjent vinmerke. Han jobber med noko som har ei historie i nærleiken av byen me no er i. Nøkkelord er to brør, uvennskap og ei elv.
A) Kva by reiste du til?
B) Kva amerikansk selskap var det snakk om?
C) Kven er julepersonen (fullt namn)?
D) Og kven er brørne?
19. desember:
Fredag drog me til Frankfurt, der du fann kontoret til J.P. Morgan, oppkalla etter den amerikanske forretningsmannen. Noreg har derimot sin eigen J. P., nemleg Jens Petrus (Skomaker) Andersen. Han jobbar med sko, og brørne som konkurrerte på kvar si side av elva Aurach i byen Herzogenaurach, var Adi/Adolf og Rudolf Dassler. Dei dreiv henholdsvis Adidas og Puma.
Tyskland er surt og kaldt, og du dreg til den lokale flyplassen for å reise vidare. På flyplassen kjøper du noko som er blitt svært så populært blant ungdomen. Byen der flyselskapet du skal fly med har sitt hovudkontor, er eit hint. Du flyg sørover, og etter alle pølsene i Frankfurt, merkar du at du framleis har plass til litt dessert. Heldigvis har byen du no landar i ein juletradisjon med mange dessertar. God og mett set du deg på ein turistbuss som køyrer vestover, og mellom blomsterenger, merkar du at flyplass-shoppinga kanskje var litt overflødig. Byen du endar opp i manglar ikkje på tilbod av produktet, og særleg kongelege hoff fekk god hjelp herfrå, til å kamuflere eit problem. Ein kjent «innsatsfaktor» har noko til felles med adventstida, og dersom du erstattar dei første fire bokstavane i denne med «MA», får du noko som me óg bruker mykje av no om dagen.
A) Kva kjøpte du på tax-freen?
B) Kva by landa du i?
C) Kva dessert-tradisjon?
D) Kva by enda du i?
E) Kva var problemet for dei kongelege?
F) Kva kjent ingrediens?
22. desember:
Fredag kjøpte du med deg parfyme på flyplassen i Frankfurt, før Lufthansa flaug deg til Nice. I området der omkring et dei «13 dessertar» i jula, og byen du enda i var Grasse. Byen er kjent for parfyme, som var brukt av dei kongelege for å dekke over dårlege lukter, både som følgje av mangel på bad og toalett, og mangel på vilje til å vaske seg. Ein kjent ingrediens er Lavendel. Kanskje ei oppgåve av dei litt vanskelegare, men det var likevel 22 deltakarar som hadde riktig svar. Dagens premie går til Morten og Monica.
Du er i same region som nokre karar som har fått sitt eige julehefte. Dei var i nabokrangel med ein mann som kjente sin eigenverdi i sølv. Der nokon går over bekken etter vann, la denne mannen grunnlaget for eit idiom då han kryssa noko litt større. Søstera til bråkmakaren sitt barnebarn var kanskje glad i tal, og er relevant i desse dagar. Noko denne grandnevøen kanskje er mindre kjent for, er hans elsk for ein spesiell grønsak, og eit ordtak han brukte om denne for å oppfordre folk til å få opp farten. Begeistringa var han ikkje åleine om, og den vart seinare delt av ein fransk adeleg.
Uansett: du set kursen mot byen der den bråkete naboen budde.
A) Kven var karane med juleheftet?
B) Kven var naboen som kjende sin eigenverdi?
C) Og kven var den julerelevante slektningen?
D) Kva grønsak?
E) Kva fransk adeleg?
F) Kva by endar du opp i i dag?
Svar kan sendast inn her.
Med vennlig hilsen
Magnus Vie Sundal, CFA
Porteføljeforvalter, Borea Asset Management
Historisk avkastning i våre fond er ingen garanti for framtidig avkastning. Framtidig avkastning vil bl.a. avhenge av markedsutvikling, våre forvalteres dyktighet, fondets risiko, samt kostnader ved tegning, forvaltning og innløsning. Avkastningen i våre fond kan bli negativ som følge av kurstap. Informasjon om fondene våre er å anse som markedsføring. Effektiv rente vil kunne endres fra dag til dag, og er derfor ingen garanti for avkastningen i perioden den er beregnet for. Investorer som vurderer å investere i våre fond oppfordres til å lese nøkkelinformasjon og prospekt på borea.no/fondene
Nyhetsbrev Få innsikt og markedsoppdateringer direkte i innboksen.
