Merry Quizmas 2024

Spesialtema

Merry Quizmas 2024

Oppdatert: 20/12/2024

Dersom du ønsker å motta Merry Quizmas på epost, kan du melde deg på her.

Året er nesten omme. Bak oss ligg haugevis med avkastning, og foran oss gjenstår den vakre førjulstida før me ringer inn jul og nyttår. Desember betyr ikkje berre førjulstid, men óg ein ny runde med Merry Quizmas. Eg prøvar som vanlig å balansere mellom det ufatteleg vanskelege, og våre deltakarar sine velutvikla Google-evner. Den kunstige intelligensen er sikkert óg blitt betre sidan sist, men gjer kanskje reisa litt meir keisam for deg om du vel å bruke denne.

Ellers er det lite reglar. Quiz mandag, onsdag og fredag. Del gjerne videre (og oppfordre gjerne venner og kjente til å melde seg på epostlista) og send svar til mvs@borea.as (inkludér ordet “quiz” i emnefeltet) innan neste quiz blir sendt ut. For samanlagtkonkurransen må dei «ti kjappe» under fyllast ut og sendast til meg på epost før quizutsendelse fredag 6. desember.

20. desember (nyaste oppgåve):

Onsdag gjekk du rundt i Montgomery og leita etter Rosa Parks. Den relaterte personen var Martin Luther King Jr. Artisten du høyrer er Kjartan Lauritzen, med songen Havanna. Du dreg difor til Cuba, som vart «oppdaga» av Christofer Columbus. Columbus og Martin Luther King Jr. har det til felles at dei er to av tre karar som har fått offentlege heilagdagar oppkalla etter seg i USA, i tillegg til George Washington. OL-spørsmålet var kanskje det vanskelegaste i quizen hittil i år, der dei fleste svara bryting, i forskjellege vektklassar og kjønn. Ja, her vann Cuba tre valørar. Andre fann vegen til friidrett i Paralympics, men heller ikkje dette var det riktige svaret. Det riktige svaret var tresteg for menn, der gullet gjekk til Jordan Diaz (Spania), sylvet til Pedro Pichardo (Portugal) og bronsen til Andy Diaz (Italia). Alle tre er fødde på Cuba. Berre 5 deltakarar hadde alt rett i denne runden, og dagspremien går til Jan Fredrik. Førre dagspremie gløymde eg å ta med i eposten. Den gjekk til Rolv Kristian. Det er ekstremt jevnt i samanlagt-leiinga i det me går inn i nest siste etappe.

Cuba er ikkje akkurat Lars Monsen-land, og du synast sjølv det er litt i overkant varmt. Etter eit par dagar i Havanna dreg dykk difor til flyplassen og treff ein hardbarka kapitalist som óg har bestemt seg for å reise frå landet. Han går i finansbransjen sitt svar på bunad, og plagget har ein logo med ein stad som vekkjer interessa til kompanjong Monsen. Du dreg mot denne staden, og landar i utkanten av ein by med eit namn som gir deg vage assosiasjonar til politisk ustabilitet og at Kvirinius ikkje lenger er landshøvding i Syria. Presidenten i landet har mellom anna eit «varemerke» som kan vere nyttig å ha med seg i sanking av julepynt. Etter ein to-og-ein-halv-times busstur og enda lengre gåtur står du ved dagens reisemål. Nett som quizmeisteren er du interessert i banknæringa, og namnet gir deg assosiasjonar både til italiensk og arktisk bank.

a) Kva by flaug du til?
b) Kva er presidenten sitt «varemerke»?
c) Kva er det dagens reisemål?
d) Kva assosiasjonar til italiensk og arktisk bank?

18. desember:

Måndag høyrde du the Beach Boys sin song Kokomo på stranda. Teksten til versa er derimot skrive av John Phillips (frå the Mamas & the Papas) og Scott McKenzie, som saman med Beach Boys alle er å høyre i filmmusikken til Forrest Gump. Forrest Gump kjem frå Alabama, og du dreg til delstatshovudstaden Montgomery.

Vel framme i Montgomery kjøper du ei turistbok, og vandrar rundt i byen. Kompanjongen din, Lars Monsen har jo vist i Canada at han ikkje er framand for å snakke engelsk, men dykk slit litt med forståinga. Difor trur dykk at byen er kjend for hageanlegg i ein spesiell farge, men klarar ikkje å finne dette. Ein relatert person delar namn med ein tyskar.

Der du går på gata, høyrer du enda meir musikk, denne gong ei kjend stemme frå Vestlandet. Artisten, som snart skal gi seg med musikk, syng ein song om hovudstaden i eit av dei omkringliggande landa. Du tykkjer det høyres ut som ein kjekk stad, og flyg vidare på ferda di. “Oppdagaren” av landet du no hamnar i har noko til felles med den hageanlegg-og-tyskar-relaterte personen. Landet har óg avla tre karar som tok henholdsvis gull, sylv og bronse i ei øving i sommar-OL i Paris i år.

A) Kva var greia med hageanlegg?
B) Kven er den relaterte personen?
C) Kven er artisten frå vestlandet?
D) Kva land dreg du til?
E) Kva er fellesnemnaren mellom oppdagaren og personen i svar B?
F) I kva øving vann dei medaljar i sommar-OL?

16. desember:

Fredag skulle du til St. Lucia, men enda på Antigua, der hovudstaden heiter Saint John’s. Lokalbefolkninga kallar øya for Waladli eller Wadadli, men linken til fredagsmiddagen taco finn me i namnet Christopher Columbus gav øya, nemleg Santa Maria de la Antigua. Og: du køyrde av garde i ein Volkswagen Tiguan.

Etter tacomiddagen ligg dykk på stranda og sippar på paraplydrinkar. Stemninga er god, og over høgtalarane høyrer du kjente stemmer frå nokre karar som listar opp ein rekke stader i Karibien. Namnet på bandet refererer sjølv til situasjonen du no er i. Derimot kom teksten til versa i songen frå to andre karar. Desse gjorde suksess på kvar sin front i musikkverda, og både karane på høgtalaren og begge desse to andre karane kan høyrast i ein film frå 1994. Du drikk opp paraplydrinken. Neste mål på vegen er hovudstaden i heimstaten til filmkarakteren.

a) Kva band og song høyrer du på stranda?
b) Kven er dei to andre karane som har skrive tekst?
c) Kva film kan du høyre alle saman i?
d) Kva by dreg du no til?

13. desember:

Onsdag traff du på Lars Monsen, som tidlegare har gått Canada på tvers, og som i desse dagar snart er aktuell med eit nytt TV-program. Monsen deler namn med (jule-)kaka «Mor Monsen», ei kake som inneheld korintar. Korintarbreva finn me i bibelen, og brev er ei ikkje uvanleg kommunikasjonsform no i juletida. 32 deltakarar hadde korrekt svar denne gong, og dagspremien går i dag til Samson.

Det er surt og kaldt i Canada, og du søker deg mot varmere strøk. Heldigvis har flyplassen i St. Johns satt opp direktefly til ei dagsaktuell sydhavsøy, som ligg – ja, i sydleg himmelretning. På vegen må du derimot gjennom eit myteomspunnet område, og på fredag den trettende er du uheldig: ein storm slår ut radaren på flyet. Dermed endar du opp på feil øy, og trur ein augneblink at du er attende i Canada.

Temperaturen er derimot ein annan. Øya sitt opprinnelege namn minner deg óg på at det er fredag og at du ikkje har ete på ei stund. Du leigar difor ein bil og køyrer av garde for å finne ein restaurant. Om du fjerna ein bokstav i namnet på øya, og stokkar ørlite om på resten, finn du modellnamnet på bilen

a) Kva øy skulle du til?
b) Kva øy er du på?
c) Kva er linken mellom det opprinnelege namnet og fredagsmiddagen?
d) Kva er modellnamnet på bilen?

11. desember:

Måndag «raw-dogga» du flygningen (du flaug utan å bruke annan underhaldning enn kartet) over Labrador-sjøen, og landa i St. Johns, som etter éin av teoriane er oppkalla etter dauparen Johannes.

Du er ikkje godt kjend i Canada, men høyrer plutseleg ei stemme du har høyrd før: «ja, ja, ja, er’e den karen?». Foran deg står ein skjeggete kar som kjenner landet betre enn dei fleste. Vedkomande deler eit namn med ei kake som du kanskje lagar i jula. Dei fleste ingrediensane i denne kaka er ganske så vanlege, men ein av dei har eit gresk-klingande namn, som du óg finn att i ei religiøs bok, då i form av ein kommunikasjonsmetode som gjerne vert brukt i desse tider.

a) Kven er karen du traff?
b) Kva heiter kaka?
c) Kva ingrediens?
d) Kva kommunikasjonsform?

9. desember:

Fredag skulle me via Christian Krohg sitt maleri «Losen» til maleriet «Leiv Eriksson oppdager Amerika», som den gong fekk namnet Vinland. Quizmaster tek sjølvkritikk på at maleriet vart seld på auksjon same, og ikkje førre veke, som feilaktig skrive. Dei fleste uansett klart å resonnere seg fram, og dagspremien går til Dag, som hadde fått med seg at Krohg vert stava med «hg» og ikkje «gh» (dog poeng for begge deler).

Du hoppar på første fly til Vinland og bestemmer deg for å følje ein 2024-trend frå sosiale medier, og følje ekstra godt med på flykartet. Trenden sitt namn minnar deg både om sjåen du flyg over og området du landar i. Når du landar les du meir om namnet på denne største byen i området. Du finn ut at det ikkje har å gjere med ein gamal figur som ikkje var framand for litt bading.

a) Kva sosiale medier-trend?
b) Kva sjø?
c) Kva gamal figur?

6. desember:

Onsdag skulle me til Oslo, der dei har Sandvika og Thorvald Meyers gate. Sistnevnte går gjennom Grünerløkka og endar ved Hønselovisas hus, der Oslolosen har gjeve ei synfaring. Oslolosen gjorde sin debut i TV-programmet «Uti vår hage», og sjølv om det er Harald Eia som spelar losen, er karakteren eit påfunn frå Robert Stoltenberg.

Ein norsk kunstnar har måla fleire losar, og eit av desse måleria vart i forrige veke solgt på auksjon i hovudstaden. Malaren er riktignok meir kjent for eit anna maleri, i fjor innblanda i kontrovers, som viser ein eventyrar på reise. Landet eventyraren kom til, blei gitt eit namn som kanskje leier tankane mot fest og julebord.

a)    Kva kunstner og maleri?
b)    Kva eventyrer?
c)    Kva blei landet kalla?

4. desember

Mandag skulle me til toppen av Stoltzen, ved Sandviksfjellet (i området litt Sandvikspilen og Sandviksbatteriet). Der såg du mot Gamle Bergen og Elsesro, der Rasmus Rolfsen budde. Derimot er det Rasmus Meyer som hadde ei stor kunstsamling, som i dag kan sjåast på museet Kode.

Du står på toppen av Stoltzekleiven, skuar utover byen og tenker på Sandviken og Rasmus Meyer. Samtidig høyrer du ein kar som skryter over at byen han kjem frå óg har ei sandvik og ein Meyer. Sistnevnte har ei gate oppkalt etter seg. Du flyr til byen, går vegen til endes, og kjem til eit hus der ein lokal guide tidligare har snakka om «fugledama» som budde der. Guiden blei først kjent gjennom eit TV-program som delar namn med ein song. Idéen til guiden kom derimot frå ein kar hvis etternamn leiar tankane til politikken. Dagens spørsmål:

a) Kva veg?
b) Kva guide?
c) Kor er me?
d) Og bonusspørsmålet, som eg trur er temmelig vrient: kven hadde idéen?

2. desember:
Me startar årets reise i Edvard Griegs vei 1, der Borea held til. Eksoslokket ligg tjukt over Danmarks plass, og du søkar mot høgda for reinare luft. Du set av garde, og på vegen går du forbi to bygg med fransktalande namn, før du tek trappa på høgre sida av vegen. Etter litt pusting og pesing, kjennar du den friske lufta. Her du no er, har dei både pil og batteri, og du skimtar gamle hus i det fjerne. Skipsbyggaren som ein gong budde her, delar fornamn med ein bergensar som har ei eiga samling i byen. Dagens spørsmål:

a) Kvar står du og skuar utover?
b) Kvar er dei gamle husa?
c) Kven er det som har ei samling?

Ti kjappe (svar sendast til meg innan torsdag kveld, 4. desember)

  1. Oslo Børs sin hovudindeks er i skrivende stund på 1454 poeng. Kor mange poeng er den på 31/12?
  2. Kva aksje i Oslo Børs’ hovedindeks får den største prosentvise oppgongen frå og med 7. desember fram til 31/12?
  3. Kva er summen av Noregs Bank si styringsrente og Fed Funds rate (upper bound) den 31/12?
  4. Kva var inflasjonen i Norge frå november 2023 til november 2024?
  5. Kva kostar eitt fat olje 31/12 (Brent)?
  6. Kva kostar eitt kilo fersk laks ved utgongen av året (SSB)?
  7. Kor mange millimeter regn får Bergen i løpet av heile 2024 (YR)?
  8. Kva ender boligprisveksten for Norge på i 2024? (Eiendom Norge-tall)
  9. Kva blir snittprisen på strøm (kr/kWh, spot) for Bergen i desember (Nordpool spot, utan støtte og nettleige)?
  10. Får me kunngjort fleire sparebankfusjonar i Noreg før året er omme?

Med vennlig hilsen
Magnus Vie Sundal, CFA
Porteføljeforvalter, Borea Asset Management

Historisk avkastning i våre fond er ingen garanti for framtidig avkastning. Framtidig avkastning vil bl.a. avhenge av markedsutvikling, våre forvalteres dyktighet, fondets risiko, samt kostnader ved tegning, forvaltning og innløsning. Avkastningen i våre fond kan bli negativ som følge av kurstap. Informasjon om fondene våre er å anse som markedsføring. Effektiv rente vil kunne endres fra dag til dag, og er derfor ingen garanti for avkastningen i perioden den er beregnet for. Investorer som vurderer å investere i våre fond oppfordres til å lese nøkkelinformasjon og prospekt på borea.no/fondene

Nyhetsbrev Få innsikt og markedsoppdateringer direkte i innboksen.

Nyheitsbrev Få innsikt og markedsoppdateringer direkte i innboksen.