Fem år og 249% med Borea Utbytte

Spesialtema

Fem år og 249% med Borea Utbytte

 

Publisert: 14. oktober 2025

Månadsskiftet september/oktober markerte fem år sidan den offisielle oppstarten av Borea Utbytte. I løpet av dei fem åra har fondet gitt ei avkastning på 249%. Dette tilsvarar eit årleg snitt på 28,4%. Samanliknar me dette med dei 697 fonda me finn tal på hos Nordnet (per 14/10/25), finn me ingen med høgare avkastning siste fem år. Heller ikkje i Hedge Nordic si nordiske hedgefond-samanlikning finn me fond som kan vise til like høg avkastning.

Med andre ord er me nøgd med resultata for dei første fem åra til fondet. Me skal vere audmjuke for at me sikkert har hatt litt flaks, eit snevert mandat og ein marknad som har levert meir enn me kanskje hadde turt å håpe på.

Figur 1: Avkastning fra 30. september 2020 til 30. september 2025 (%)

Kjelder: Bloomberg, Borea Asset Management

Figur 2: Avkastning, 805 forskjellege fond med 5 års historikk (%)

Kjelder: Bloomberg, Borea Asset Management
* Merk: fondsdata frå Nordnet er for dei fem åra fram til 13/10/20. Fond med kortare historikk utelatt.

Samstundes har investeringsidéen vore korrekt: at me skal få god avkastning ved å investere i gode selskap som tener gode pengar, med sterke lokale posisjonar, i ei regulert næring. Bankar som opererer i eit samfunn som går bra, med eit betydeleg sikringsnett. Eit sikringsnett som ikkje nødvendigvis hjelp bankane direkte, men som støttar kundane deira. Dominobrikkane fell ikkje på same måte her til lands.

Når bankane har eksistert i 150-200 år, trur me det både påvirkar, og er eit resultat av kulturen innad. Det er kanskje traust, men det er berekraftig. Det passar oss godt. Som forvaltarar likar me kvalitet og kontantstraum. Fuglen i handa er reell, dei ti på taket kan fly av garde raskare enn du klarar å seie «kunstig intelligens».

Investeringar handlar derimot ikkje berre om kor bra butikken gjer det. Og strengt teke, som både me og Norges Bank finn: norske bankar forrentar eigenkapitalen sin om lag like godt som resten av børsen og næringslivet. Investeringar handlar óg om kva pris du må betale for verdipapira.

Og pris handlar i stor grad om historieforteljing. Eller, for bankane: mangel på sådan. Summen du er villig til å betale for ein aksje handlar om kva forestilling du har om framtida. Korleis selskapet du investerer i skal utvikle produkta sine og erobre nye marknader. Korleis det skal endre samfunn, kanskje heile verda. I så måte er ny teknologi noko av det som sel best på børs. Der ein kan teikne eit bilete av uendeleg oppside.

Det er ingen som trur at norske sparebankar skal endre verda.

Bankane endrar kanskje samfunn, men ikkje på måten som får investorane til å flokke seg rundt dei på børsen. Bankane erobrar kanskje eit kvartal i Oslo, men utlåna til næringslivet held seg i stor grad i nærleiken av det lokale kyrkjetårnet. Bankane sine produkt utviklar seg ikkje i revolusjonerande fart, men med jamne små steg.

Ikkje at bankane ikkje nyttar teknologi. Tvert imot, dei har vore langt framme. Norske bankar byrja med «EDB» i 1965, minibank i 1977, nettbank i 1996 og mobilbank frå 2006. Norsk arbeidskraft kostar, og teknologi effektiviserar. Kunstig intelligens er neste steg på vegen, og noko mange bankar er godt i gang med å implementere.

Figur 3: Teknologisk tidslinje

Kjelder: Nasjonalbiblioteket, SpareBank 1 Østlandet, NRK, LinkedIn, Borea Asset Management

Men teknologi som sluttprodukt og som hjelpemiddel er to forskjellege ting. Når du tenkar på Apple, tenker du gjerne på ein skinande ny iPhone, som set deg i kontakt med omverda, og gir deg svaret på alt du ønsker. Tenker du på sparebank, går assosiasjonane gjerne til eit litt for stille kontor, folk med v-hals, gratis drops og kulepenn. Boliglånet kan du ikkje ta eller kjenne på, men du treng det kanskje meir enn iPhonen.

Det er kanskje av denne grunnen norske bankar historisk har vorte prisa billegare enn mykje anna på børsen. Historisk har sparebankane vorte prisa på 1,1-1,2 gonger verdien av bokført eigenkapital, medan Oslo Børs har vorte prisa på 1,6-1,8 gonger. I dag ligg dette noko høgare for begge deler, men rabatten er der framleis. Ein skulle kanskje tru at ein billegare aksje leverte svakare eigenkapital-avkastning. Men som nevnt: denne har historisk sett vore ganske lik for både bank og børs.

Figur 4: Pris / bokført egenkapital (P/B) på børs og bank

Kjelder: SB1 Markets, Bloomberg, Borea Asset Management

Får du tilbod om å kjøpe to aksjar som levererer det same resultatet, er det kanskje ikkje så dumt å kjøpe den billegaste av dei, alt anna likt. Dette gir ein høgare avkastning. Det er rein matematikk.

Denne veka får me dei første tredjekvartals-rapportane frå bankane. Kredittveksten er lågare enn før, og rentene litt under press. Men i det store biletet går det framleis bra. Me er sikre på at bankane vil levere svært gode tal óg i dette kvartalet. Me trur lånetapa fortsatt vil vere låge, og det er eit stort fokus på kostnadskontroll. Og sjølv om bankane opplever stadig endring, med omdiskuterte forslag frå Sparebankutvalet, stadige fusjonar og litt meir overlappande marknadsområder, ser me ingen dramatiske endringar i landskapet.

Aksjekursane vil som alltid svinge, men me trur framleis bankane vil gi oss god avkastning i åra framover. Til alle våre kundar: takk for tilliten.

Med vennlig hilsen
Magnus Vie Sundal, CFA
Porteføljeforvalter, Borea Asset Management

Nyhetsbrev Få innsikt og markedsoppdateringer direkte i innboksen.

Nyheitsbrev Få innsikt og markedsoppdateringer direkte i innboksen.

Historisk avkastning i våre fond er ingen garanti for framtidig avkastning. Framtidig avkastning vil bl.a. avhenge av markedsutvikling, våre forvalteres dyktighet, fondets risiko, samt kostnader ved tegning, forvaltning og innløsning. Avkastningen i våre fond kan bli negativ som følge av kurstap. Informasjon om fondene våre er å anse som markedsføring. Effektiv rente vil kunne endres fra dag til dag, og er derfor ingen garanti for avkastningen i perioden den er beregnet for. Investorer som vurderer å investere i våre fond oppfordres til å lese nøkkelinformasjon og prospekt på borea.no/fondene